Rettleiing og hjelp
Kva er Min kompetanse?
Min kompetanse er ein ny digital plattform som skal samle alt du treng som student på ein stad. Den skal erstatte dagens løysingar som søkjarportalen til Samordna opptak, Studentweb, Søknadsweb, EVUweb, Vitnemålsportalen og fleire andre, slik at du slepp å forholde deg til mange ulike system.
Kvifor kan eg berre søkje på enkelte studium?
Min kompetanse er framleis under utvikling, og vi startar med å teste løysinga i eit pilotprosjekt. Det betyr at vi i første omgang prøver ut plattforma på eit avgrensa tal studium, søkjarar og studentar.
Kven kontaktar eg angåande søknaden min?
Kontakt lærestaden du har søkt opptak til.